NORWAY-CUP 2015:
18.08.2015 03:46
Leirgulen stilte eit 7'er-lag i Norway Cup i klassen J14. 11 spillere og leiarar deltok, og laget endte på 2.plass i gruppespillet av fem lag etter to seire, eit tap og ein uavgjort kamp. . Det førte til at laget var kvalifisert for 16-delsfinale i A-sluttspelet.
I 16-delsfinalen slo Leirgulen Breimsbygda på straffesparkkonkurranse i eit forferdeleg spanande oppgjer som endte uavgjort etter full tid og ekstraomgangar.
I 8-delsfinalen venta Syril, og dei viste seg å vere både hakket betre og tøffare i gjørma på Ekeberg. Leirgulen fekk vel det vi kan kalle juling av Syril som vant heile cupen.
Ein gjeng veldig sletne jenter kvilte ut med ein velfortent dag på Tusenfryd etter kjempeinnsats i hovedstaden.