Kuvending om Kolset skule - Formannskapet i Bremanger snudde administrasjonen i saka.
18.12.2014 20:28
Flyttinga av elevane i mellomsteget ved Kollset skule til Davik, er ei vanskeleg sak for Bremanger-poliitkarane.
Formannskapet behandla saka i to og ein halv time torsuødag, og det enda med at politikarane gjorde om administrasjonen sitt vedtak om flytting av Kolset-elevane til Davik.
- Vi var veldig usikre på utfallet. Vi fryktar at denne flyttinga av elevar kunne bli starten på slutten for Kolset skule, sa FAU-leiar Asle Skaar før døren til formannskapssalen opna seg i 11-tida.
Då restultatet vart kjent var det både smil og gledestårer for dei oppmøtte frå Kolset.
Formannskapet gjorde dette vedtaket:
- Formannskapet opphevar administrasjonen sitt vedtak om flytting av elevar frå Kolset skule.
- Adminiistrasjonen må jobbe med rekruttering og eventuelt omdisponering av personell.
- Administrasjonen må halde fram med dialogen i prosjektet kring Kolset skule.
Det var eit einstemig vedtak.